Biskopens preken 22. juli 2020 i Domkirken

Det er ni år siden terroren rammet Norge og 77 mennesker ble drept. Dette ble markert med gudstjeneste i Domkirken i Oslo. Her er biskop Kari Veiteberg sin preken.

Plassen foran Domkirken i dagene etter 22. juli 2011. Foto: Mats Lindh, CC, flickr

Evangeliet står skrive i evangeliet etter Markus kapittel 14, 3-11 :

Jesus var i Betania hos Simon den spedalske. Mens de lå til bords, kom det inn en kvinne med en alabastkrukke med ekte og kostbar nardussalve. Hun brøt krukken og helte salven ut over hodet hans.
Noen som var der, sa forarget til hverandre: «Hva skal denne sløsingen med salve være godt for? Salven kunne vært solgt for mer enn tre hundre denarer og pengene gitt til de fattige.» Og de snakket strengt til henne.
Men Jesus sa: «La henne være! Hvorfor plager dere henne? Hun har gjort en god gjerning mot meg. De fattige har dere alltid hos dere, og dem kan dere gjøre godt imot så ofte dere vil, men meg har dere ikke alltid. Hun gjorde det hun kunne. Hun har på forhånd salvet kroppen min til gravferden. Sannelig, jeg sier dere: Overalt i verden hvor evangeliet blir forkynt, skal også det hun gjorde, fortelles til minne om henne.» 
Men Judas Iskariot, en av de tolv, gikk til overprestene og tilbød seg å utlevere Jesus. De ble glade da de hørte det, og lovet å gi ham penger. Fra da av søkte han en anledning til å forråde ham.

Kjære venner,

ein av dei dagane då alt stod på spel, var det altså ei som gjorde noko uventa:  Rett for augo på alle mennene salva ho Jesus med kostbar salve. Og Jesus sa altså: «Overalt i verda der evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»

Og kva var det ho heitte igjen, sa du? Vi veit ikkje meir om henne, ho har ikkje noko namn. Og på den måten har den handlekraftige kvinna gått inn i historia som ei av dei mange namnlause. Eller kanskje nettopp ikkje gått inn i historia? For dei utan namn, dei det ikkje blir fortalt historier om, blir ikkje hugsa.

Det heile er litt merkeleg, for dette var ikkje ein dag som alle andre. Det skjedde ein dag då alt stod på spel, Jesus og disiplane var i livsfare og Jesus seier at kvinna har salva han til gravferda. Likevel veit vi ikkje meir om dette kreative og handlingskraftige mennesket.

Derimot veit vi namnet til ein av dei som såg det og slett ikkje synst det ho gjorde, var noko å rope hurra for. Vi veit tilmed kva han sa og kva han var opptatt av. Her i Oslo domkirke er han avbilda i forgrunnen på alterbildet, med ein pengesekk i handa, på veg ut for å forråde Jesus og vennene.

Kvinna som vi skal fortelje om, forblir altså namnlaus, men forrædaren veit alle namnet på. Det gjer at vi stadig vekk må stille spørsmålet om kva det er å minnast og kva forteljingar vi vil fortelje vidare.

 

Kven skal vi reise statuar av? Kva minnesmerke skal vi lage og korleis skal dei sjå ut. For alle som følgjer med på nyheitene er ikkje dette berre akutte spørsmål i dag, 22 juli 2020, ni år sidan terrorhandlingane. Den dagen då 77 menneske mista livet, alle med namn som vart lest i regjeringskvartalet i dag, og der mange av oss som er her no, fekk sår for livet.

Det er ikkje likegyldig kva namn vi hugsar på, kven vi fortel om og minnest - i tankar, ord og gjerning.  Å minnes på rett måte er nødvendig for heile samfunnet. Måten vi minnest på, seier noko om kven vi er og vil vere.

Lat oss derfor halde fram med seie namna og fortelje om korleis dei var og kva som skjedde, sjølv om det stadig gjer vondt for mange av oss å høyre og sjå det for oss.

Og fortelje om det som skjedde den dagen og i dagane etterpå, også det som terroristen ikkje kunne sjå for seg:

Solidariteten blant dei som blei ramma, dei som med fare for eige liv var menneskefiskarar og plukka menneske opp av vatnet, dei mange namnlause i helsevesenet som gjorde og gjer ein livsviktig innsats.

Og om det som skjedde her ute med blomsterhavet og dei folkelege markeringane.

Det var eit målretta angrep mot arbeidarrørsla, mot solidariteten,  og mot trua på at alle menneske, same kva tru og livssyn og hudfarge vi no har, er like mykje verd.

I etterkant fekk vi eksempel på at eit menneske gjerne har fleire identitetar: Vi fekk sjå bilde av kristne prestar og muslimske imamar som samarbeida om gravferder.

Vi fekk nye eksempel på den krafta og kreativiteten som ligg i samarbeid mellom folk av ulike religionar og livssyn.

Terrorangrepet var også retta mot  hjørnesteinar i det norske demokratiet. Og det verka som at heile samfunnet flokka seg rundt og sa nei! Aldri meir!

Likevel har det skjedd nye terrorhandlingar, også her i dette bispedømme.  Bærum, 10. august i fjor: Johanne vart drepen og eit uvanleg heltemot hindra at fleire mista liva i Al-Noor-moskeen. Nok ein gong var det rasisme og islam-hat som var motivet.

Og vi får stadig meldingar frå skular og ungdomsmiljø, frå folk som var svært unge den dagen for ni år sidan, om at folk blir mobba og utestengt på grunn av hudfarge, religion, eller seksuell orientering. Det rammar jødar, det rammar muslimar, det rammar alle som ikkje ser ut, eller oppfører seg som fleirtalet.

 

Kva gjer vi med det? Det første er jo kanskje som eg snakka om når det gjeld denne kvinna som salva Jesus, at vi treng at folk får namn: Dei er ikkje namnlause, det er ikkje jødar, rom eller skeive, dei er Erwin, Elena og Knut. Og så må vi, eg vil det i alle fall,  gjere som Jesus seier: ikkje snakke om (slik Judas gjer), men snakke med :

Rundt bordet: ei gruppe menn, opptatt av å spise og å snakke om viktige ting. Inn: ei kvinne, som bryt in i gutteklubben Grei og med eigne hender salvar Jesus med ei dyr og velduftande salve.

Ho skal bli minna for motet, for kreativiteten og for at ho gjorde noko som var nødvendig. Utfordringa til oss når vi høyrer om ho, det er at vi skal halde fram med å fortelje om slike fryktlause menneske som gjer uhøyrte ting. Og ved ha folk som henne som helt, heidre minnet hennar ved å prøve å vere sånn vi også

Nett no trengs det kreativitet og fantasi for å vise omsorg rundt bordet utan å klemme og ta på.

Kva konkret er det du skal gjere, til minne om?

Det kan eg ikkje svare på her, for det er jo nettopp tale om noko vi ikkje kanskje ikkje kunne førestille oss på forhånd, noko som lar den andre, ikkje oss sjølv, skinne og som peikar framover.

Men utfordringane er verkelege og dei har ulike namn.

Vi har på nytt blitt minna på at det stadig dreier seg om  rasisme. Det dreier seg om å ta vare på naturen og miljøet. Og om fredsarbeid.

Og om kampen mot fattigdom og målretta arbeid for alle som er på flukt. Store utfordingar. Derfor treng vi kvarandre, og felles handlingar og forteljingar vi kan få håp, mot og inspirasjon av.

For meg og for mange av oss som er her i dag, er religiøse handlingar og forteljingar noko som gir meining, inspirasjon og lyst

Men vi veit også at religion også har blitt brukt på andre måtar: Til å oppfordre til vald og hat mot folk som er, eller trur annleis. Det ser vi jo i fortellinga eg las:  Det finst folk som berre tenker på det som gagnar dei sjølve, på pengar og eigen vinning og som gjer bruk av makt og innflyting for å hindre andre å kome til orde og bli oppfatta som eit menneske. Vi veit det.

Religionsdialog og felles handlingar av folk som trur annleis er ikkje luksus, dersom nokon skulle tru det.

Det er eit vern mot fordommar og hat mot dei som trur annleis, eller på noko anna.

Det er nødvendig for å forberede oss på å stå saman for trygge rom for alle i bøn, for å oppdage nye sider ved oss sjølve og den andre: Gi rom for heilag misunning, det handlar om å tillate seg å bli fascinert og inspirert av skjønnheita i andre sine religiøse forteljingar, kunstuttrykk og praksisar.

Viktigast av alt: Samtalar, deling av gåver og forteljingar og kreative handlingar blant folk som er ulike, er nødvendige for å minnest på ein god måte og for å hindre meir vald og terror. Derfor: Merete frå Støttegruppen 22.juli, Ingrid  frå Samarbeidsrådet for Tro og Livssyn, Gurmai frå Sihksamfunnet, Senaid frå Muslimsk Dialognettverk  og Astrid i AUF:
La oss tenne lys saman.  For å minnest og for å sjå framover.

(Lystenning)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"